Eric Sharma
Vreid: Nekter å bli apatiske og klage

Foto: Nesbø/Talle
Sognametal-legendene i Vreid slipper straks bandets niende skive. "Wild North West", slippes via Season of Mist 30. april. Samtidig har bandet spedd på med en ekstra feit bonus: De slipper også en helaftens film til albumet. Vi har tatt en prat med Jarle Hváll Kvåle fra bandet om albumet, filmen, konseptet og en liten topp 10 liste.
Nytt album OG spillefilm? Hvem sin ide var dette?
– «The devil made us do it» Nei, det var nok min ide. Det byrja med litt tankar rundt 1-2 musikkvideoar til nytt album, men så kom denne galskap ideen siglande, og då var det berre å kaste seg på. Stod dette i planene, eller ble dette til på grunn av corona-situasjonen?
– Det var ikkje i planane. Men planen var heile tida å jobbe med nytt album i denne periode, så tok det litt av kreativt sett. Men det er jo ikkje tvil om at det var lettare å realisere dette på grunn av all tida som ein plutseleg fekk. Ingen konsertar, øvingar, reise, då opnar det seg plutseleg eit hav med dautid. Då var det 3 valg, bruke tida på noko fornuftig og kjedeleg, bli apatiske og klage på alt i verda, eller bruke enda meir tid på det kreative (musikk/film/kunst). Valget var enkelt.
Hva er konseptet i filmen?
– Eg tok utgangspunkt i historiar inspirert frå bøker, filmar, ting eg er blitt fortalt og ting eg har opplevd. Det var utgangspunktet. Derifrå var det å sleppe fantastisen laus og sjå kor det bar avstad. Som alltid er det den evige dansen mellom dauden og livet som er det underliggande temaet. Hvem har hatt regi?
– Håvard Nesbø har produsert filmen. Han har tidligare gjort nokre musikkvideoar for oss, og hadde ansvar for live-streamen frå fjellstølen som me gjorde sumaren 2020. Håvard har ingen begrensingar, han kan jobbe døgnet rundt og har en indre kreativ drive som er heilt formidabel. Folk med desse eigenskapane er dessverre ei stor mangelvare, så når ein første treffer slike folk å er det berre å kaste alt anna vekk og stupe inn i det. Eg har skrive historia, men Håvard har hatt stor påverknad på korleis det har enda opp. Det var vore ekstremt spennande å utfordrande å jobbe med dette prosjektet. Det å ta vekk sikkerheitsnettet og kaste seg inn i det ukjente er noko som triggar enormt med kreativitet. Etter å ha vore med på å skrive 12 album i dei siste snart 30 åra, så har ein jo ei trygg om god ramme i den verden, då er det deilig å tvinge seg sjølv inn i ein verden der ein ikkje har nokre trygge rammer. Balansen mellom det trygge og ukjente er vel livet kunst på mange måtar. Hvordan har bandet det ellers i denne situasjonen? Brukes tiden nå på skriving av nytt materiale, øving eller står ting litt stille med fokus på promo?
– Enormt mykje promoarbeid om dagen, har aldri gjort så mykje intervju, så det er jo strålande. Me jobbar mot visningar av filmen på ulike måtar, men også i den verden er det vanskeleg å planlegge lenger enn neste dag. Utover det så jobbar me med nytt Vreid øl. Vreid pilsen var ein stor suksess, det viste seg at folk var glad i øl og hardrock, kven skulle ha trudd, ha,ha. Planlegg turnear, ser på andre spennande prosjekt som meg ikkje har gjort før. Ellers så er det å lage riff då, det må ein aldri slutte med. Øve mindre og lage meire riff er livsmottoet. Hva blir planen videre etter album og filmslipp?
– Ut å spele igjen så fort det er mogleg. Det er mål nummer 1, og om ting trekker ut så er det å fortsette å skrive og utfordre seg sjølv med nye ting, høyre på musikk, sjå film, kjøyre båt og ut å går turar i skog og fjell. Har vel aldri lengt meir etter vår. Ok....og nå... 10 låter som er gode inngangslåter for de som ikke har hørt på Vreid før… Kjør!
– Då tenker eg at me startar i 2021 og jobbar oss kronologisk bakover.
Wild North West
The Morning Red
One Hundred Years
Solverv
Sights of Old
Arche
Alarm
Væpna Lengsel
Pitch Black
Eldast utan å gro
Følg Vreid på sosiale medier for å holde det totalt oppdatert på alt som skjer i Vreid sin verden. "Wild North West" slippes 30 april!