Eric Sharma
UKAS KLASSIKER: Patrick Fardal

Ukas bidragsyter er for mange kjent som mannen bak musikkblogg/nettsiden "Evig Lyttar" og fra bandet Doused som i disse dager er ute med kliss ny singel. Han har nappet opp denne solide skiva fra minneregisteret...
EXECRATION - MORBID DIMENSIONS

– Vekas klassikar, ja. Då burde eg kanskje klinka til med Mayhem – «De Mysteriis Dom Sathanas», Immortal – «At The Heart Of Winter» eller Darkthrone – «Panzerfaust». Eventuelt Joy Division – «Unknown Pleasures». Dette hadde vore heilt naturleg, sidan alle fire er botnsolide klassikarar så det held. Men dei fleste dagar og veker finn du meg kjempande for undergrunnen, så sidan ingen av dei nemnt over her er undergrunnsmat per dags dato slår eg eit slag for Execration og deira Spellemannvinnande klassikar «Morbid Dimensions» (2014).
Dette er det du kan kalla ekstrem-metall frå øvste hylle. Eg hugsar første gongen eg fekk høyre denne bautaen av ein fullengdar. Du får liksom eit ganske godt inntrykk av kva som ventar deg når trommene startar på «Cosmic Mausoleum». Fyttigrisen så kaldt. Iskaldt. Riffa er som ein arm rett frå helvete, og trommene er det du kjenner i magen når den armen grip tak og dreg deg ned i avgrunnen.
Ein av dei mange tinga eg diggar med Execration og denne plata er korleis dei vekslar mellom det kjappe, torturerande og det seige, bekmørke. Dette er ein av dei få platene eg veit om som balanserer dette heilt perfekt. Eg veit liksom ikkje aldri heilt kor eg skal gjere av meg sjølv når eg snurrar denne plata. Første gong eg høyrte temposkiftet i «Cosmic Mausoleum» hadde eg eit sånt «UGH»-uttrykk i fjeset fleire dagar etterpå. Du veit, sånn fjes som Abbath nokre gonger får. Heilt umogleg å ikkje digga den låta der.
For ikkje å snakka om driven i «Ritual Hypnosis» og stemninga i «Vestiges» og «Funeral Procession». Du får det ikkje betre enn dette. Eg kunne ha drege fram kva som er bra med alle låtane, men det kan du jaggu finna ut sjølv.
Dette er rifforama, trommebonanza og guttural vokal som gir deg halsbrann og magesår til du rett og slett ikkje klarar meir. Dette er stemning som du ikkje kan vere forutan, i alle fall ikkje no når me er i vintermodus. Ta med deg denne plata, stikk ut i skauen, grill litt pølser og kjenn på kulden. Du vil ikkje angra.
Patrick sitt band Doused sin nye singel "Silent" er å få hørt nå der god musikk streames!