top of page
  • Writer's pictureEric Sharma

This One Goes To Eleven: Grutle Kjellson


Foto: www.enslaved.no


I spalten “This One Goes To Eleven” stiller vi musikere 11 spørsmål om diverse ting. Verre er det rett og slett ikke. Med oss til å svare på spørsmål denne runden: Kjetil Tvedte Grutle aka Grutle Kjellson fra Enslaved!


1. Beskriv bandet ditt med tre ord. Intet mer, intet mindre.


Standhaftig, ambisiøst og heilt kørka


2. Hva er det første bandet som gav deg mersmak for tyngre musikk?


Oi! Det var jo rimeleg tidleg, og det var utvilsomt via lp`ane og kassettane til ein eldre bror av barndomskompisen min. Når eg tenkjer etter må det enten ha vore Nazareth eller Rainbow. Deinto var uansett dei første, til og med før Kiss!


3. Var det mange likesinnede rockere der du vokste opp?


Hahaha, nei DET kan eg jo ikkje påstå. Eg vaks opp i den vesle bygda Valevåg i Sunnhordland, og der var det stort sett korpsmusikk og fotball som gjaldt. Det var vel eigentleg berre barndomskompisen Kjetil (han og), hvis bror hadde Nazareth og Rainbow-plater, og Hein Frode Hansen, som eg seinare starta bandet Phobia saman med i 1990.


4. Hva er din beste konsertopplevelse?


Eg var så heldig at eg fekk med meg tre konsertar med Rush før dei la inn årene. Eg såg dei i Stockholm, Dublin og Boston. Eg vil trekkje fram Dublin-konserten som den gjevaste. Eg fekk turen og konsertbilletten i gåve av min (mykje) betre halvdel, så det må bli den!

5. Hva er din verste?


Eg får vere sopass kollegial at eg ikkje nemner band eg har SETT spele, og heller nemne ein konsert eg har spelt sjølv! Då er det heilt klart ein gig me gjorde i Polen i 2004; eg hadde skikkelig magesjau, det kom i ja...både her og der, eg var blotta for energi og svetta som ein gris. Eg hadde bedt den lokale monitorteknikaren om to ting; mykje gitar og min eigen vokali monitor, sånn for å gjere det enkelt. Det eg fekk var KUN drithøg og dobbeltrigga skarptromme... Så då gjekk det i å høyre på noko som framstod som ein symaskin på syre, mens eg prøvde intenst å la vere å drite i buksa. Grasiøst.

6. Om du måtte velge kun 1 måltid på rider´n din resten av livet, hva ville du valgt?


Hahaha! Jøss... Då må eg trekke fram den beste middagen eg har fått på festival nokonsinne: Steikt kveite på Døgnvill Festivalen i Tromsø, hugsar ikkje årstalet dessverre. Andreplassen går også til Nord-Norge, der me fekk servert Bidos (Samisk reisdyrsuppe) på Midnattsrocken i Lakselv et år. Kan me seie Bidos til forrett og kveite til hovudrett??

7. Meat Loaf? Yay or Ney? Hvorfor?


Åjadå!!! Meat Loaf har jo ei ikonisk stemme! Og laga jo saman med Jim Steinmann ei av tidenes pop-album med Bat Out Of Hell. Eg har faktisk jobba på ein Meat Loaf konsert i Grieghallen! Han var kanskje ikkje akkurat plagsomt edru den kvelden, men det var jo underhaldande, og kordamene song jo bra…

8. Hva er det mest slitsomme med å spille i akkurat ditt band?


Den er lett! Ikkje at det er eit stort problem no om dagen men, flyplassar. Det er siste sort. Punktum.

9. Hvor viktig kjennes det å komme seg på veien og spille konsert og festivaler med tanke på mindre fysisk platesalg?


Ja, det kan vel illustrerast med at inntektene frå platesalg neppe overskrider 5 % av årsinntekta. Dessutan er jo ein stor del av det fysiske salet generert i form av sal ifb konsertar, turnear og festivalar.

10. Slett ett band fra jorden og forklar hvorfor.


Så var det dette med å vere kollegial igjen då!

Men, verda TRENG vel ikkje nazipunks vel? Eg har det; eg seier alle sånne band eg. Det vere seg metal, punk eller uansett støypning. Dei har jo ingen vettug funksjon.


11. Hva gjør du om du skrur opp til 11?


Grutle: Sjølv om eg har mykje rart og forskjellig i hyllene, så opnar eg ei pils (om gongen) og set på noko totalt ukomplisert som eg har høyrt 1000 gonger før. T.d UFO, Motörhead, Deep Purple, Led Zeppelin, Rush. Noko som allereie sit so godt at eg eigentleg slepp å høyre etter, og berre kan suga inn energien!


Enslaved sin nye skive "UTGARD" er ute nå via Nuclear Blast Records

Recent Posts

See All
bottom of page