top of page
  • Writer's pictureEric Sharma

Påstanden: Jarle Kvåle



Foto: Facebook / Jarle Kvåle


På lørdager lirer The Holy Grail fra seg vågale og tidvis kvalme påstander som vi ikke nødvendigvis alltid står for sjøl, men kanskje har hørt på byen, lest i sosiale medier eller lignende. Så ber vi kjentfolk reagere med sine tanker og meninger.


Jarle Kvåle er festivalsjef for Tons Of Rock og bassist i plate/film-akutelle Vreid. Ikke nok med det. Han svarer besvarer også denne ukas "Påstanden".


PÅSTANDEN: Youtube er bra nok erstatning for Lydverket (Musikkprogram på NRK som la ned i 2012.)


Å erstatte Lydverket var ikkje noko lett oppgåve, då dette var eit beinsolid program som tok for seg musikk i alle slags sjangrar på ein strålande måte. Applaus til NRK TV som skapte eit slikt herleg program, det beste dei har hatt. Sjølvsagt har YouTube og andre sosiale medier ein jungel av bra tilbud til oss som er glade i musikk, kultur, ja eigentleg alt mogleg. Men det er ingen unnskyldning for NRK TV å gi så blanke i å formidle musikkens verden til oss i dette grisgrendte fjellandet. Som liten kvelp på Vestlandet var MTV´s Headbangers Ball døråpnaren. Eg vil påstå ein av dei viktigaste grunnane til at eg blei stormforelska i hardrock sjangeren. Av og til glimta NRK til med noko som var hakket hvassare enn Kontrapunkt, men det var langt mellom høgdepunkta.


Eg har aldri skjønt at ein nasjonal riksforvaltar av underhaldning kan ta så lite ansvar, og å bry seg så lite om noko så viktig, fett, informerande, engasjerande og underhaldande som musikk. At dei ikkje har eit oppegåande musikkprogram på TV som tek norsk og internasjonal musikk på pulsen, stuper inn i pop, jazz, r&b, country, rock, hard rock, ja til og med dansebandets verden, eller kanskje ikkje minst dansebandets verden, det fattar eg ikkje. Det er jo så utruleg mykje bra underhaldning å ta av både på og av scena.


Men nei, me blir heller tvangsfora på brekningsframkallande Maskoramaer og andre kjendis gaukingar utan noko form for substans. Men nå skal eg ikkje gå strupen på desse. Dei har jo klart sin funksjon som famileunderhaldning i helgane, og er vel ikkje så mykje verre enn Tande P og Vetle Martin og alle dei andre som har sett stygge arr i sjela mi. Nei, mangfald og variasjon er det ein skal dyrke fram og då håpar eg NRK kan sparke i gang eit program som gir meg underhaldning med både Alan Walker, Ole Ivars, The Weekend, Hedvig Mollestad, Iron Maiden, Karpe Diem, Enslaved, Åse Klevland, Mall Girl og aller mest, alle artistane eg enno ikkje har høyrt om. Det er så mykje fantastisk musikk i dette landet, og eg tykker NRK TV godt kan gi dei litt meir merksemd. Me kjenner alle tipset om å grave seg ned i tide, men nå er det på tide for NRK å grave seg fram i dagslyset igjen. Gjerne i beste sendetid.


Vreid sitt nye album "Wild North West" er å få hørt der god musikk høres nå!



Recent Posts

See All
bottom of page